Om oss

Om vårt bruksting-univers

Vi er eit ungt team som har vald å førebu oss på ei yrkesfagleg framtid. Tre timar i veka legg vi vekk bøkene, og konsentrerer oss om praktisk arbeid. Vi har fokus på å lage ting som kan brukast i heimen, anten det no er på kjøkkenet, i hobbyrommet, i garasjen  eller i hagen. Vi lagar mykje arbeid i tre, men og i metall. Målet vårt er å kunne tilby miljøvennlege kvalitetsprodukt til ein rimeleg pris. 

Vi er opptekne  av å gi kundene våre praktiske og haldbare produkt som kan gjere kvardagen  enklare og meir miljøvennleg. Sortimentet vårt  inneheld blant anna samanleggbare stolar, benkar til utebruk, oppevaringskorger i ulike storleikar og fuglematarar. 


Om vårt bruksting-univers

Historia vår starta på ungdomsskulen i Florø då vi for eit par år sida fikk eit heilt eige rom som vi kunne disponere til verkstad. Vi var ein gjeng med kreative og engasjerte ungdommar med ei felles interesse for praktisk arbeid, og å skape og produsere ting for sal. Vi begynte med å lage ulike pynte og nyttegjenstandar. Etter kvart som vi fikk positiv respons og etterspurnad i fra vener og familie bestemte vi oss for å ta verksemda eit steg vidare og utvide kundekretsen vår.